Sjølv om fristen gjekk ut 1. desember, kan du framleis søke både på Step Up og Barneleir 2015.
Dette gjeld òg for dei som vil vere delegasjonsleiarar.
Det er fleire jenter enn gutar som har søkt. Me treng fleire gutar til delegasjonane, men jenter kan òg søke. Bruk det elektroniske søknadsskjemaet. Alle som har søkt får vere med på søkarhelga. Me bestemmer delegasjonane etter denne helga og prioriterer dei som søkte før 1. desember.
Meir informasjon om dei forskjellige aktivitetane kan du finne her: https://cisv.no/aktiviteter
Dersom du har spørsmål kan du kontakte:
Turid Måseide
Tlf: 466 87 622