Barneleir og andre leirar i 2019

Barn, ungdom eller vaksen: Du kan bli med på eit eventyr for livet. Kontakt oss!

CISV Sogn og Fjordane skal arrangera barneleir i juli 2019. Eit stort tal 11-åringar kjem frå heile verda til fagre Sogn. For å få til eit slikt prosjekt, er me avhengige av hjelp frå deg som les. Mykje arbeid og gjevande opplevingar ventar! Kanskje du vil vera vertsfamilie og ta imot 11-åringane ei helg eller to? Eller vil du heller baka og koka? Vera med på utflukter og visa borna kva me har i Sogn? Rydda og organisera? Me treng deg – skriv ein epost til sogn.fjordane@no.cisv.org!

Me gjev òg tilbod til born frå Sogn og Fjordane om å få reisa ut i verda og læra fred og samarbeid gjennom leik. Dersom du har born frå 11 år og oppover, kan me tilby ei trygg og hendingsrik oppleving barnet ditt aldri vil gløyma. Kontakt oss, eller sjå kva leirar CISV tilbyr. Me har noko som passar for deg.

Vil du bruka tid saman med born og sjå dei utvikla seg i ekspressfart? Bli med som delegasjonsleiar eller stab! I CISV Sogn og Fjordane treng me ungdom og vaksne som vil arbeida med born og leggja til rette for gode opplevingar. Kontakt oss.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *