Ledige plassar: barneleir, delegasjonsleiar og juniorleiar!

CISV Sogn og Fjordane her ledige plassar på aktivitetar i 2018!

Barneleir: Sommaren 2018 i 28 dagar. Aldersgruppe 11 år. Det er ledige plassar for både gutar og jenter.

Delegasjonsleiar: For både Barneleir og Step Up sommaren 2018 med ansvar for ei delegasjonsgruppe på fire barn/ungdommar. Det er nasjonal leiartrening både før og etter leiren. Du må ha fylt 21 år for å vere delegasjonsleiar.

Juniorleiar Barneleir (Junior Counselor «JC»): Juniorleiarar er eit bindeledd mellom barn og vaksne på Barneleir. Du må vere 16 eller 17 år for å delta som JC.

 

Søknadsskjema og informasjon om søknadsprosessen finn du på CISV sine heimesider. For meir informasjon frå lokallaget i Sogn og Fjordane kan du kontakte leiar Eivind Ødegård: gingermig@gmail.com.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *