Delegasjonsleiar 2016

CISV Sogn og Fjordane sender tre delegasjonsleiarar sommaren 2016. Du kan bli leiar for ein delegasjon 11-åringar (Barneleir) eller 15-åringar (Step Up). Dato for leirane er for Barneleir 01.-28.07.2016 og Step Up 20.07-11.08.2016. 

Oppdraget omfattar også arbeid med å førebu delegasjonen til leir og ei samling med delegasjonen etter leiren. Du må ha fylt 21 år før leiren startar og det vert kravd politiattest.

Informasjon om dei ulike leirane finn du på CISV sine heimesider.

Ved spørsmål kan du skrive til oss her eller ta kontakt med Turid Måseide på tlf: 466 87 622

Vi minner om søknadsfristen 01.12.2015!

 

Sjå CISV-filmen Sow a Seed!

Dette er ein film som handlar om korleis det er å vere med på Barneleir. Filmen varar i ca 25 minutt og er tilgjengeleg på sowaseed.cisv.no/filmen Du kan sjå ein kort presentasjon av filmen på sowaseed.cisv.no

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *