Barneleir 2016

CISV Sogn og Fjordane skal sende to delegasjonar på barneleir sommaren 2016 og datoane for begge leirane vert 01.-28.07.16.

For å delta må du anten vere 11 år innan leiren startar eller fylle 11 år i løpet av leiropphaldet. Det vil seie at søkarane må vere fødde mellom 01.06.2004 og 31.08.2005.

Alle som søker vert inviterte til søkarhelg i janaur/februar. I løpet av denne helga vert det informert om leirstaden for begge leirane. Etter søkarhelga vert delegasjonane bestemt.

Du kan lese meir om Barneleirar på CISV sine heimesider.

Vi minner om søknadsfristen 01.12.2015!

 

Sjå CISV-filmen Sow a seed!

Dette er ein film som handlar om korleis det er å vere med på barneleir. Filmen varar i ca 25 minutt og er tilgjengeleg på sowasee.cisv.no/filmen Du kan sjå ein kort presentasjon av filmen på sowaseed.cisv.no

 

DSCF2564-e1335971052610-300x196

 

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *