Om du er fødd mellom juli 2002 og juli 2003 kan du søkje på barneleir for 2014. Vi vil sende ein delegasjon til leiren som skal vere i Roskilde, Danmark, 27. juni til 24. juli, og får vi nok søkjarar, vil vi òg sende ein delegasjon til Luneburg, Tyskland, 8. august til 4. september. Søknadsfristen var 1. desember, men vi tek framleis i mot søknader. Søknadsskjemaet ligg på cisv.no. Barneleiransvarleg i CISV Sogn og Fjordane for 2014 er Turid Måseide, som du kan nå på e-post turid.maseide@no.cisv.org eller telefon 466 87 622. Ta gjerne kontakt om du lurer på noko! Alle søkjarane er inviterte til søkjarhelg 18.-19. januar 2014. Vi gleder oss til å møte dykk der!