Me treng fleire søkarar!

Sjølv om fristen gjekk ut 1. desember, kan du framleis søke både på Step Up og Barneleir 2015. Dette gjeld òg for dei som vil vere delegasjonsleiarar. Det er fleire jenter enn gutar som har søkt. Me treng fleire gutar til delegasjonane, men jenter kan òg søke. Bruk det elektroniske søknadsskjemaet. Alle som har søkt får vere…

Mosaikk 2014

Søndag den 7. desember møttest tolv born, åtte ungdommar og seks vaksne til førjulsmoro. Me bakte peparkaker, kakemenn og potetmjølstoppar. Nokre fletta juletrekorger og laga adventsappelsiner. Vi leikte CISV-leikar og åt graut saman. Det var ein kjekk dag for både store og små. CISV Sogn og Fjordane samarbeidde med Sogndal Statlege Mottak og Kaupanger skule…

Vil du vere delegasjonsleiar i 2015?

CISV Sogn og Fjordane treng for 2015 tre delegasjonsleiarar over 21 år (to til barneleir, ein til StepUp). Søknadsfristen er 1. desember. Delegasjonsleiarane får leiaropplæring og har ansvar for delegasjonen både i samlingane før utreise, under sjølve leiren og i samlinga «post-camp». Du må vere interessert i å jobbe med barn og/eller ungdom, og i…

Hyttetur

CISV Sogn og Fjordane hadde hyttetur for medlemar med vener den første helga i november. Tilbakemeldinga frå dei som var med, er at dette var kjekt, at vi må ha fleire overnattingssamlingar og at det vert litt knapt med tid med berre ei overnatting. Vi vil gjerne arrangere fleire slike overnattingssamlingar. Vi sender invitasjon per…

StepUp 2015

I 2015 skal vi sende ein delegasjon til Honduras 26. juni. Søknadsfristen er 1. desember. Alle som søkjer vert inviterte til søkjarhelg i januar/februar. Delegasjonane vert bestemt etter søkjarhelga.

Barneleir 2015

I 2015 skal vi sende ein delegasjon til Danmark 3. juli og ein delegasjon til England 25. juli. Søknadsfristen er 1. desember. Alle som søkjer vert inviterte til søkjarhelg i januar/februar. Delegasjonane vert bestemt etter søkjarhelga.

Årsmøtet 2014

Protokollen frå årsmøtet vil bli lagt ut på denne sida. Årsmøtet ønskjer mellom anna at vi skal arbeide for å få til meir aktivitet lokalt, både mosaikk og sosiale treff for aktive medlemar. Kontakt nokon i styret om du lyst til å vere med på å planleggje slike aktivitetar!

Nytt styre frå hausten 2014

Turid Måseide held fram som leiar. Dei andre i styret er Tone Skjerdal (økonomiansvarleg), Oda Johnsen Longvanes, Inga Halsnes Henjum, Melissa Hamre, Lillian Pedersen og Miriam Kayser Digernes. Ungdomsrepresentantane i styret er Sjur Groven og Olav Grevsnes.