Vil du vere delegasjonsleiar i 2015?

CISV Sogn og Fjordane treng for 2015 tre delegasjonsleiarar over 21 år (to til barneleir, ein til StepUp). Søknadsfristen er 1. desember. Delegasjonsleiarane får leiaropplæring og har ansvar for delegasjonen både i samlingane før utreise, under sjølve leiren og i samlinga “post-camp”. Du må vere interessert i å jobbe med barn og/eller ungdom, og i…

Hyttetur

CISV Sogn og Fjordane hadde hyttetur for medlemar med vener den første helga i november. Tilbakemeldinga frå dei som var med, er at dette var kjekt, at vi må ha fleire overnattingssamlingar og at det vert litt knapt med tid med berre ei overnatting. Vi vil gjerne arrangere fleire slike overnattingssamlingar. Vi sender invitasjon per…

StepUp 2015

I 2015 skal vi sende ein delegasjon til Honduras 26. juni. Søknadsfristen er 1. desember. Alle som søkjer vert inviterte til søkjarhelg i januar/februar. Delegasjonane vert bestemt etter søkjarhelga.

Barneleir 2015

I 2015 skal vi sende ein delegasjon til Danmark 3. juli og ein delegasjon til England 25. juli. Søknadsfristen er 1. desember. Alle som søkjer vert inviterte til søkjarhelg i januar/februar. Delegasjonane vert bestemt etter søkjarhelga.

Årsmøtet 2014

Protokollen frå årsmøtet vil bli lagt ut på denne sida. Årsmøtet ønskjer mellom anna at vi skal arbeide for å få til meir aktivitet lokalt, både mosaikk og sosiale treff for aktive medlemar. Kontakt nokon i styret om du lyst til å vere med på å planleggje slike aktivitetar!

Nytt styre frå hausten 2014

Turid Måseide held fram som leiar. Dei andre i styret er Tone Skjerdal (økonomiansvarleg), Oda Johnsen Longvanes, Inga Halsnes Henjum, Melissa Hamre, Lillian Pedersen og Miriam Kayser Digernes. Ungdomsrepresentantane i styret er Sjur Groven og Olav Grevsnes.

Søkjarhelg 18.-19. januar 2014

Alle som har søkt på cisv-aktivitetar for 2014 er inviterte til søkjarhelg den 18.-19. januar. Alle som har delteke på cisv-aktivitetar tidlegare er hjarteleg velkomne til å vere med laurdagen. Meld deg på innan 11. januar ved å sende ein e-post til sogn.fjordane@no.cisv.org Vi gleder oss til å sjå dykk der!

Barneleir 2014

Om du er fødd mellom juli 2002 og juli 2003 kan du søkje på barneleir for 2014. Vi vil sende ein delegasjon til leiren som skal vere i Roskilde, Danmark, 27. juni til 24. juli, og får vi nok søkjarar, vil vi òg sende ein delegasjon til Luneburg, Tyskland, 8. august til 4. september. Søknadsfristen…

Step Up 2014

Vi sender ein delegasjon på Step Up i 2014. Leiren skal vere i Lisboa, Portugal, 25. juli til 16. august. Søknadsfristen var 1. desember, og vi har seks søkjarar til dei fire plassane. Alle søkjarane er inviterte til søkjarhelg 18.-19. januar 2014. Vi gleder oss til å møte dykk der! Kontaktperson for Step Up er…