Sjå CISV-filmen Sow a seed!
Dette er ein film som handlar om korleis det er å vere med på barneleir. Filmen varer i ca 25 minutt og ligg på http://sowaseed.cisv.no/filmen/ Du kan sjå ein to-minutts presentasjon av filmen på http://sowaseed.cisv.no/
Dette er ein film som handlar om korleis det er å vere med på barneleir. Filmen varer i ca 25 minutt og ligg på http://sowaseed.cisv.no/filmen/ Du kan sjå ein to-minutts presentasjon av filmen på http://sowaseed.cisv.no/
CISV Sogn og Fjordane har for 2015 ein JC-plass for jente 16-17 år. Det betyr ikkje at ikkje gutar kan søkje! Gutar og jenter som ikkje får jenteplassen vår, er med i ei felles loddtrekning for heile landet om ledige JC-plassar. Det betyr at om du er interessert, bør du søkje! Søknadsfristen er 1. desember.…
CISV Sogn og Fjordane treng for 2015 tre delegasjonsleiarar over 21 år (to til barneleir, ein til StepUp). Søknadsfristen er 1. desember. Delegasjonsleiarane får leiaropplæring og har ansvar for delegasjonen både i samlingane før utreise, under sjølve leiren og i samlinga “post-camp”. Du må vere interessert i å jobbe med barn og/eller ungdom, og i…
Søknadsfristen 1. desember gjeld for alle internasjonale aktivitetar. Fristen gjeld også for dei som vil vere delegasjonsleiarar eller JC.
CISV Sogn og Fjordane hadde hyttetur for medlemar med vener den første helga i november. Tilbakemeldinga frå dei som var med, er at dette var kjekt, at vi må ha fleire overnattingssamlingar og at det vert litt knapt med tid med berre ei overnatting. Vi vil gjerne arrangere fleire slike overnattingssamlingar. Vi sender invitasjon per…
I 2015 skal vi sende ein delegasjon til Honduras 26. juni. Søknadsfristen er 1. desember. Alle som søkjer vert inviterte til søkjarhelg i januar/februar. Delegasjonane vert bestemt etter søkjarhelga.
I 2015 skal vi sende ein delegasjon til Danmark 3. juli og ein delegasjon til England 25. juli. Søknadsfristen er 1. desember. Alle som søkjer vert inviterte til søkjarhelg i januar/februar. Delegasjonane vert bestemt etter søkjarhelga.
Protokollen frå årsmøtet vil bli lagt ut på denne sida. Årsmøtet ønskjer mellom anna at vi skal arbeide for å få til meir aktivitet lokalt, både mosaikk og sosiale treff for aktive medlemar. Kontakt nokon i styret om du lyst til å vere med på å planleggje slike aktivitetar!
Turid Måseide held fram som leiar. Dei andre i styret er Tone Skjerdal (økonomiansvarleg), Oda Johnsen Longvanes, Inga Halsnes Henjum, Melissa Hamre, Lillian Pedersen og Miriam Kayser Digernes. Ungdomsrepresentantane i styret er Sjur Groven og Olav Grevsnes.