Sosial kveld og overnatting på Trudvang skule

Godt nytt CISV-år! 

Alle medlemmar i Sogn og Fjordane frå 11 år er velkomne til å bli med på sosial kveld og overnatting på Trudvang skule fredag 30.januar til laurdag 31.januar. Det blir CISV-aktivitetar, fredagsmiddag og filmkveld med CISV sitt tema for 2015: konflikt og konfliktløysing. Kom gjerne med forslag dersom du veit om ein film som kan passe.

Samlinga er gratis! Påmelding og spørsmål sendast til: odacidae@gmail.com

Alle som er 21 år og over er velkomne til å vere med som leiarar for helga! 

Helsing styret i CISV Sogn og Fjordane

DSCF2564-e1335971052610-300x196

 

Me treng fleire søkarar!

Sjølv om fristen gjekk ut 1. desember, kan du framleis søke både på Step Up og Barneleir 2015.

Dette gjeld òg for dei som vil vere delegasjonsleiarar.

Det er fleire jenter enn gutar som har søkt. Me treng fleire gutar til delegasjonane, men jenter kan òg søke. Bruk det elektroniske søknadsskjemaet. Alle som har søkt får vere med på søkarhelga. Me bestemmer delegasjonane etter denne helga og prioriterer dei som søkte før 1. desember. 

Meir informasjon om dei forskjellige aktivitetane kan du finne her: http://cisv.no/aktiviteter

 

Dersom du har spørsmål kan du kontakte:

Turid Måseide
Tlf: 466 87 622

xao_7309_io1-1-300x201

Mosaikk 2014

Søndag den 7. desember møttest tolv born, åtte ungdommar og seks vaksne til førjulsmoro. Me bakte peparkaker, kakemenn og potetmjølstoppar. Nokre fletta juletrekorger og laga adventsappelsiner. Vi leikte CISV-leikar og åt graut saman. Det var ein kjekk dag for både store og små.
CISV Sogn og Fjordane samarbeidde med Sogndal Statlege Mottak og Kaupanger skule om arrangementet.
_DSC0316

Vil du vere delegasjonsleiar i 2015?

CISV Sogn og Fjordane treng for 2015 tre delegasjonsleiarar over 21 år (to til barneleir, ein til StepUp). Søknadsfristen er 1. desember. Delegasjonsleiarane får leiaropplæring og har ansvar for delegasjonen både i samlingane før utreise, under sjølve leiren og i samlinga «post-camp». Du må vere interessert i å jobbe med barn og/eller ungdom, og i søknaden bør du gjere nærare greie for relevant erfaring. Ta kontakt om du lurer på noko!

Hyttetur

CISV Sogn og Fjordane hadde hyttetur for medlemar med vener den første helga i november. Tilbakemeldinga frå dei som var med, er at dette var kjekt, at vi må ha fleire overnattingssamlingar og at det vert litt knapt med tid med berre ei overnatting. Vi vil gjerne arrangere fleire slike overnattingssamlingar. Vi sender invitasjon per e-post. Fekk du ikkje invitasjon denne gongen, bør du ta kontakt og sjekke om vi har den rette e-postadressa di.

Årsmøtet 2014

Protokollen frå årsmøtet vil bli lagt ut på denne sida. Årsmøtet ønskjer mellom anna at vi skal arbeide for å få til meir aktivitet lokalt, både mosaikk og sosiale treff for aktive medlemar. Kontakt nokon i styret om du lyst til å vere med på å planleggje slike aktivitetar!