CISV Norge

CISV er en religiøst og politisk uavhengig barne- og ungdomsorganisasjon som arbeider for fred ved å skape større forståelse mellom mennesker fra ulike kulturer og nasjoner.

Delegasjonsleiar 2017

CISV Sogn og Fjordane sender tre delegasjonsleiarar sommaren 2017. Du kan bli leiar for ein delegasjon 11-åringar (Barneleir) eller 15-åringar (Step Up). Leirane varar mellom tre og fire veker. Oppdraget omfattar også arbeid med å førebu delegasjonen til leir og ei samling med delegasjonen etter leiren.

Du må ha fylt 21 år før leiren startar og det vert kravd politiattest. På søkarhelga i januar/februar vert det informert om leirstad og tidsramme for dei enkelte leirane.

 

Informasjon og søknadsfrist

Søknadsfristen gjekk ut 01.12.16, men det er framleis ein ledig plass som delegasjonsleiar neste sommar. Her kan du lese om søknadsprosessen og sende inn ein søknad.

Informasjon om dei ulike leirane finn du på CISV sine heimesider.

Ved spørsmål kan du kontakte Turid Måseide på tlf: 466 87 622 / e-post: turid.maseide@gmail.com

 

Sjå CISV-filmen Sow a Seed!

Dette er ein film som handlar om korleis det er å vere med på Barneleir. Filmen varar i ca 25 minutt og er tilgjengeleg på sowaseed.cisv.no/filmen Du kan sjå ein kort presentasjon av filmen på sowaseed.cisv.no

 

DSC_0488-300x200

Publisert 21. november 2016, 10:39 · Kategori: Ukategorisert

Legg igjen en kommentar

E-postadressa di blir aldri publisert eller delt. Obligatoriske felt er merka *